Medlemskap og prisar

Om våre medlemskap:

Alle prisar på medlemskort gjeld AvtaleGiro med månadleg trekk eller betaling av heile året ved innmelding. Ved tilsendt faktura på papir eller e-post vil eit fakturagebyr lagt til.

Administrasjonsavgift på kr 299,- kjem ved innmelding for nye og tidlegare utmelde medlemmar. Gjeld alle medlemskort (ikkje vekeskort, drop in og klyppekort).

Alle må ha sitt eige medlemskort til å registrere seg på trening, det kostar kr 120,-

Utvida tilgong:
For deg som ynskjer tilgang på treningssenteret mellom klokka 05.00-22.00 kvar dag, heile året. Avgift på kr 250,- per kalendarår.

Student/Honnør:

Student gjeld fram til 26 år med gyldig studentbevis.

Honnør er uføre med uføregrad minimum 60% og pensjonistar ved fylte 67 år.


70+ avtalen:
Gjennom prosjektet “I 100 mot 100” sponsar Luster Kommune alle over 70 år kr 150,-/mnd i 12 månadar, gjennom Folkehelsemidlar. Dette gjeld i 12 månadar, deretter går ein over på medlemskort “Student/honnør”.

Ungdom:
For deg som har fylt 13 år, fram til året du fyller 16 år. Medlemskapet gir berre tilgang til gruppetimar, ikkje eigentrening. Dette er for at treningen skal vere trygg.

Klyppekort:
Kortet er personleg og kan berre nyttast av eigaren. Kortet er gyldig til det er tomt for klypp eller maksimalt 6 månadar frå oppstartsdato.

Drop In:
Om du ynskjer ei enkelt treningsøkt, tilbyr me drop in for kr 180,-