Dette finn du i vårt treningsstudio

Luster Trening er eit senter for alle! Me jobbar aktivt med å skape eit tilbod som passar deg; uansett utgangspunkt. Me ynskjer at du skal oppleve meistring og utvikling, og ha ein trygg og sosial plass å trene.

Me flytta inn i nye lokale i 2018, og har eit nytt og moderne senter, med utstyr av høg kvalitet.

På Luster Trening finn du:

  • Aerobicsal

  • Spinningsal

  • Basisrom med slynger, ribbevegg, eit utval av basistreningsutstyr.

  • Styrketreningsareal med godt utval av frivekter og apparat frå Technogym

  • Ergometersyklar, ellipsemaskin, 5 tredemøller, Skillmill, 2 romaskiner, skiergometer og 2 trappemaskiner.

  • Garderobar med dusj og skåp. Ta med eigen hengelås til skåpet.