Våre gruppetimar

  • Aerobic er ein 30 minuttars time med trinn til musikk. Heile timen føregår på golv, og kan enkelt tilpassast ynskt intensitetsnivå. Denne timen passar dei fleste, og er fin å kombinere med andre timar, som til dømes Styrke 30.

  • BodyBalance er ei treningsøkt gjennom Les Mills- konseptet, der timen er lik over heile verda. Timen er yoga-inspirert og har innslag av Tai Chi og Pilates. Dette er ein rolegare time, men som systematisk trenar dei store muskelgruppene, stabilitet, balanse og mobilitet til nydeleg musikk.

    Alle er velkomne, og etter nokon gonger der du blir kjend med konseptet, vil du lett kunne tilpasse timen til ditt behov den dagen. Nokre dagar ynskjer ein ei intens og utfordrande økt, medan andre gonger ei lettare økt med meir fokus på pust og flyt.

    Her er ingen krav eller forventningar og den enkelte har fokus på seg sjølv og tilpassar øvelsar til sin kropp og sine føresetnader. Det skal kjennes godt ut. Etter økta er ein fylt med ei fin ro, men likevel meir energi!

    Kom og prøv – ver litt tolmodig om dette er heilt nytt – og held du ut dei første gongene, vil du elske timen!

  • Timane til LHL på Luster Trening er for medlemmer i LHL.

    Tysdagsøkta organiserer LHL sjølv.

    Onsdagsøkta til LHL er leia av fysioterapeut og er ei økt på 50 minutt med trening til musikk. Økta inneheld ei god oppvarming, pulsaukingar, styrke, mobilitet, balanse og avspenning.

  • Eit fyverkeri av ein intervalltime! Etter oppvarming kombinerer me trinn på golv og på stekpasse i fire til seks toppar. Kvar song har eigne trinn, og kan tilpassast etter nivå. Mellom kvar bolk er det aktive “pausar” med styrketrening. Timen passar både for den meir erfarne, og for den som vil prøve seg på koreografi for fyrste gong. Fengande musikk gir deg energi og eit smil om munnen gjennom heile timen!

  • Oppvarming på eiga hand, deretter stasjonstrening med fokus på styrke, balanse og puls. Avsluttar med koordinasjon, balanse og tøying. Tilpassa alle, og her er det alltid godt humør!

  • Oppvarming på eiga hand, deretter stasjonstrening med fokus på styrke og puls. Øvingane kan skalerast til ulike nivå, så denne timen passar for alle.  Avsluttar timen med tøying.

  • Ein eigen time for deg som er gravid, eller er heime i permisjon og ynskjer å komme i gang med trening etter fødsel. Her får du styrka heile kroppen, samstundes som det er eit ekstra fokus på mage, rygg og bekkenbunn

  • Time der me jobbar med trinn til fengande musikk, både på golv og på stepkasse. Trinna kan graderast etter nivå, og timen passar like godt for nybegynnarar som for erfarne. Me jobbar med ulike trinnkombinasjonar, som me etter kvart set saman til ein heil koreografi. 

  • Kort og effektiv time der du får trena styrke på heile kroppen. Alle øvingar kan tilpassast ulike nivå, så denne timen passar for alle. Fin å kombinere med andre timar, til dømes sykkel 30/45.

  • På sykkel bestemmer du sjølv belastning og intensitet, så det blir så hardt eller lett som du sjølv ynskjer. Timane er intervallprega, og kvar instruktør vil ha ulike typar oppsett, så her kan alle finne ein time som passar for seg!

    Kor lenge du syklar, vel du alt etter time. "Sykkel 30" vil seie 30 minuttar, "sykkel 45" vil seie 45 minuttar. Innstilling av sykkel og teknikk blir gått grundig igjennom. Alle sykkeltimar har motiverande musikk og instruksjon! Fin å kombinere med andre timar!

  • Ein funksjonell og effektiv crossfitinspirert time med fokus på styrke, kondisjon, eksplosivitet og muskulær uthaldenheit. Her får du trena heile kroppen ved hjelp av varierte og funskjonelle øvingar, kombinert med høg intensitet.

    Me nyttar variert utstyr som stenger, manualar, medisinball, jump box og eiga kroppsvekt.

    Timen er ulik frå veke til veke, og kan innehalde treningsformer som AMRAP, EMOM, Time Cap, Team-økter og liknande.

    Timen kan tilpassast ulike nivå, og alle øvingar kan skalerast og tilpassast til den enkelte

Booking av gruppetime

Booking av gruppetime gjer du enkelt på “Min Side”, der du loggar inn med ditt medlemsnummer og passord. I timeplanen trykkjer du på +-teiknet til høgre for dei timane du ynskjer å melde deg på. Avmelding skjer på same måte. 

Du kan booke plass på så mange timar du ynskjer. Du finn ei oversikt over dine påmelde timar under “mine reserverte timer”.

Booking opnar klokka 09:00, 5 dagar før den aktuelle timen. Påmeldinga til kvar enkelt time stengjer 2 timar før start. 

Dersom det er 5 eller færre påmelde på ein time, kan den bli avlyst. Du vil då få varsel om dette på SMS, seinast 45 minutt før timen startar.

Om ein time er full, kan du setje deg på venteliste. Dette gjer du på same måte som vanleg påmelding, og du vil automatisk rykkje opp i køen om nokon melder seg av.

Drop-in kundar er hjerteleg velkomne, men har ikkje moglegheit til å melde seg på gruppetimar online. Kontakt oss på e-post/telefon, eller møt opp til den timen du ynskjer å gå på.