Bedriftsavtalar i gruppe

Dersom du har ei bedrift og ynskjer lågare sjukefråver, meir energi, overskot og kapasitet hos dine tilsette; ta kontakt med oss!
Me kan tilby ulike avtalar etter dykkar ynskje, både i form av sponsing til personlege medlemskap, eller bedriftstimar. I dag tilbyr me både bedriftstimar i våre lokale, og timar der me kjem ut til arbeidsplassen.

Me har avtalar med fleire lokale bedrifter, som ynskjer å gi sine tilsette gunstige prisar på faste medlemskap. Høyr med di bedrift kva ordningar dei har for sine tilsette.

Ta kontakt, så lagar me ein avtale i dag!

Bedriftsavtale individuell oppfølging

Luster Trening tilbyr avtalar med bedrifter som sikrar den tilsette rask tilgang til vurdering av fysioterapeut og oppfølging av fysioterapeut eller personlege trenarar på Luster Trening. Dette kan vera tiltak for å førebyggje sjukmeldingar på arbeidsplassen, aktive tiltak i sjukmeldingsperioden for å få den tilsette raskare tilbake i arbeid, eller for å få tilsette trygt i gang med trening og betre fysisk form. Me tilbyr pakker på 1- 3 månader med treningskort og oppfølging, og tiltaket er i hovudsak basert på vurdering, aktiv rehabilitering og rettleia trening.

Bedriftsavtalar inngår ikkje i Helfo si frikortsordning for fysioterapi.

Ta kontakt om dette er interessant for di bedrift.


Fysioterapeut ved Luster Trening er Jori S. Skorve.